Ny avdeling med bibeloversetting

Updated: Sep 21

Litteraturmisjonen har nyleg bestemt at det skal opnast ei eiga avdeling av New Life Literature på Sri Lanka for bibeloversetting.


Dette arbeidet skal drivast i samarbeid med organisasjonen The Word for the World (Ordet for verda), og ekteparet vanAs vil stå for drifta av denne avdelinga.


Organisasjonen The Word for the World er 35 år gamal og er for tida engasjert i bibeloversetting på over 90 språk, hovedsakleg i Afrika og Asia. Så langt det er råd, prøverdei å bruke innfødde i omsettingsarbeidet. omsettingsarbeidet. Dei må sjølvsagt få opplæring fyrst, men deira erfaring er at det er lettare å lære opp nasjonale arbeidarar til å omsette Ordet, enn for ein utlending å lære språket.

sporos-2016-01-janet-og-kobus-kopi

Familien vanAs


Det har lenge vore eit ynskje for Litteraturmisjonen å kunne knyte kontakt med grupper som driv med bibeloversetting, etter som vi også ynskjer å kunne trykke Guds ord til dei som aldri har hatt det før. Det er difor med stor glede og entusiasme at Litteraturmisjonen går inn i dette samarbeidet.


Familien vanAs kjem frå Sør-Afrika, men har røtene sine frå Holland. Dei har vore engasjert i Bibelomsettingsarbeid i 23 år. Dei har fire søner, dei to eldste har flytta heimanfrå, medan dei to yngste framleis bur heime. Kobus vil frå kontoret på Sri Lanka også ha tilsyn med ein del andre oversetjingsprosekt i Asia. Vi ynskjer dei velkomne i staben vår!

3 views0 comments

Recent Posts

See All

Guds mirakler ved oppstarten av bibeltrykkeriet

Del 1:2. Oppstarten av New Life Literature – bibeltrykkeriet i Sri Lanka var ledet av Gud. Vi fikk gå i «ferdiglagte gjerninger» og se mirakler etter mirakler. På den årlige konferansen for Nytt Livs