Kven er vi - og kva gjer vi?

Bibelmisjonen Sporos er ein felleskristen misjon som også er eigar av misjonstrykkeriet New Life Literature på Sri Lanka. Dette trykkeriet har vore i drift sidan 1984 og har i alle år vore ein reiskap tilgjengeleg for alle evangeliske misjonar til å få trykt Guds ord.


Trykkeriet har hatt som motto “å tene dei som tener”, og målet har heile tida vore å trykke så mykje av Guds ord som råd, med ein kvalitet så god som råd, til ein pris så rimeleg som råd.

Trykkeriet har difor i alle år levert trykksakene til sjølvkost, utan at det har vore teke ut noko forteneste til eigarane.

“å tene dei som tener”

Trykkeriet vart starta av Nytt Livs Lys ved misjonærane Hildur og Arnfinn Andås, og Bibelmisjonen Sporos, tidlegare kalla Litteraturmisjonen, tok over ansvaret for drifta i 2001.

Etter kvart har Bibelmisjonen Sporos engasjert seg i fleire og fleire prosjekt. Ein har sendt fleire hundre tusen biblar til Kina og like mange til Midtausten. Ein har sendt mange millionar Markusevangelier til India, og dei siste åra har ein også hatt eit stort fokus på trykking av Guds ord på minoritetsspråk.


Godt samarbeid

Bibelmisjonen Sporos driv ikkje med omsetjingsarbeid, men vi har eit godt samarbeid med fleire organisasjonar og misjonar som nettopp har dette som si oppgåve. Dei har fortalt oss at dei har gode støttepartnarar når det gjeld å omsetje Bibelen til nye språk, men det er vanskelegare å få pengar til å trykke biblane. Her har vi difor i Bibelmisjonen Sporos opplevd at det låg ei oppgåve ferdig for oss, og i løpet av dei siste fem åra har vi saman med andre organisasjonar skaffa midlar til å trykke nytestamente på meir enn 55 ulike minoritetsspråk i Asia og Afrika. Men behovet er på langt nær dekka, og vi har like mange språk som vi forventar skal vere klar til trykking dei komande åra. Berre for 2022 reknar vi

med at omlag 25 nye språk vil verte klar for trykking. Tilsvarande er venta også for 2023.


Dei tomme kars misjon

Bibelmisjonen Sporos har ofte brukt uttrykket «dei tomme kars misjon» om seg sjølv. Vårt fokus har ikkje primært vore å samle inn pengar til misjonen, men å leite etter område rundt om i verda der det er behov for Guds ord. Desse behova har vi ofte kalla våre tomme kar, - og som enka i 2. Kongebok, - så har også vi igjen og igjen opplevd at Gud sender dei ressursane som skal til for å fylle desse tomme kara. Ja, den dagen vi ikkje finn fleire tomme kar, så vil vår oppgåve vere forbi, og Guds velsigning over misjonen vil stoppe.


Misjonstrykkeriet på Sri Lanka og Bibelmisjonen Sporos er likevel berre som to små bitar i eit puslespel å rekne. Ikkje omset vi Bibelen, ikkje distribuerer vi den, - og finansieringa av arbeidet vert også dekka av fleire hundre personar som sender oss av sine midlar.

Vi kan også i denne samanhengen nemne at sjølv om Bibelmisjonen Sporos har sitt eige trykkeri, så har ein i det siste også fått biblar og nytestamente trykt på andre trykkeri. Det har vore ulike grunnar til det, men når ein har funne at t.d. kostnadane ved frakt, toll og ikkje minst nasjonale restriksjonar har vore for store, så har Bibelmisjonen heller funne eit trykkeri som ligg inne i landet der biblane skal distribuerast.


Kva mål har vi så for 2022?

Misjonen sitt mål vil alltid vere å få distribuert Guds ord til stadig fleire. For å oppnå dette, er vi alltid på utkikk etter land og område der det er eit udekka behov for Guds ord. Samtidig ser vi også etter samarbeidspartnarar som deler vår visjon, og som vi kan gå saman med for å nå måla våre. Arbeidet er i stadig vekst, og antal språk som skal få eit nytestamente for alle fyrste gong i 2022 er såleis dobbelt så mange som noko tidlegare år - og det er forventa å verte minst like mange i 2023.


Utviding

Vi reknar også med at etter som koronapandemien sloknar, så vil ein del av dei restriksjonane som no finst mot å distribuere materiell verte oppheva. Vi ynskjer då på nytt å få trykke opp millionopplag av Markusevangeliet. Etter som etterspørselen stig, så ser vi også ein trong for å utvide kapasiteten på misjonstrykkeriet på Sri Lanka, og vi håper difor at vi i 2022 skal få utvide både arealet og produksjonskapasiteten på trykkeriet.