50 nye minoritetsspråk har fått NT på sitt eige språk

Updated: Oct 6

India er eit av dei hardest ramma landa av Covid-19 i verda. Det har fått konsekvensar for arbeidarane som driv med omsetjingsarbeid.


Foto: @Fancycrave via Twenty20


Vanskeleg for omsetjingsarbeidarar

Det har vore mange vanskar for teama som driv med omsetjingsarbeid å få kome saman for å kontrollere arbeida sine. Løysinga har vore å arrangere digitale møte. Det høyrest enkelt ut i vår del av verda, men det er ikkje like enkelt dersom du manglar internett i huset eller byen der du bur. Eg har i den samanheng lese om medlemer av slike team som har måtta funne seg ein stein eller tue ute på eit jorde der dei har klart å fange opp eit wifi-signal som er kraftig nok til at ein kan vere med på eit slikt digitalt møte.


Sjølv om det har vore ein del forseinkingar i omsetjingsarbeidet, så kan me glede oss over at Bibelmisjonen Sporos no har fått vere med å levere nytestamente på over 50 minoritetsspråk som tidlegare aldri har hatt Guds ord.


Mange språk

Det finst fleire meiningar om kor mange språk som finst i India. Det er m.a. avhengig av kvar ein set skillelinja mellom eit språk og ein dialekt. Eit tal som har vore nemnt er 468 språk. Av desse er det 82 språk som har fått omsett heile Bibelen. 134 språk har fått omsett nytestamentet og omsetjingsarbeid har starta på ytterlegare 147 språk. Når dette arbeidet er ferdig, så er det framleis 105 språk som ein kan ta tak i.


Omfattande arbeid

Sjølv om vi kan gle oss storleg over at vi får vere ein del av dette arbeidet, så bleiknar likevel vår innsats når vi tenkjer på det veldige arbeidet som ofte har vore lagt ned i sjølve omsetjingsarbeidet. I august fylgde eg med på overleveringa av tre språk nord i India. Eit av språka byrja dei å arbeide med i 2001, dvs for 20 år sidan! Då hadde eg ei kjensle av å ha vore med på ein stafett der tidlegare løparar hadde sprunge ein maraton, men vi som misjon likevel fekk lov å ta over stafettpinnen og springe siste runda inn til mål. Må Gud velsigne dei storleg for den innsatsen som dei har gjort.


Ønsker du å være med slik at fleire kan få lese Guds ord på sitt eget språk? Da har vi gjort det enkelt for deg å gi et enkeltbeløp eller bli fast giver. Trykk her.

18 views0 comments

Recent Posts

See All